Member-only story

Skriving som verktøy for å forstå

- Korleis koma i gang, og korleis koma vidare

TRANSLATE?

Odda, byen der eg voks opp. Sett frå Rossnos, 1407 moh. Foto © Øivind H. Solheim

For å koma i gang med å skriva treng eg ha enkelte ferdigheiter som har med språket, særleg skriftspråket og med min eigen tankeverden å gjera.

For å kunna skriva treng eg å ha lært meg å skriva, og då tenker eg ikkje på dette at eg må kunna setja bokstavar saman til ord, ord til setningar, setningar til avsnitt, osv. Det grunnleggande seier seg sjølv, det må ligga til grunn.

Eg tenker heller ikkje på at eg bør ha litt kunnskap om skrivesjangrar, altså om eg skal skriva eit brev, ein artikkel, eit dikt eller ei novelle.

Nei, det som eg tenker kan vera den største hindringa for mange som skal setja seg ned og skriva når dei ikkje er vane med å skriva — det er sjølve det å koma i gang med skrivinga!

Det første punktet

Dette er nemleg punkt nummer ein i alle skriveprosessar: å starta å skriva!

For ein som er vane med å skriva og som skriv kanskje kvar einaste dag, er det ikkje noko vanskeleg. Det er slik som det er med å sykla, når du ein gong har lært det! Du set deg opp på sykkelen og trør. Og skribenten set seg til med skriveboka, datamaskinen eller mobilen — og dermed så er ho i gang.

--

--

Øivind H. Solheim - www.oivindhsolheim.com/
Øivind H. Solheim - www.oivindhsolheim.com/

Written by Øivind H. Solheim - www.oivindhsolheim.com/

New novel: The Man Who Stopped Aging, Amazon Kindle. Love story & intellectual investigation: Can we extend human life to 100 or 110? www.oivindhsolheim.com/

No responses yet